Møbelkraft

Aktuelt


Oppdatert mars 2017

Arnt Idar Dalen fekk god oppslutning på Temadagen den 23. mars ved Sykkylven Kulturhus. Foto: Nicolai Karlsen, Sykkylvsbladet

Temadag – stønadsordningar

Møbelkraft tok initativ til ein temadag der industrien fekk vite meir om moglegheitene for stønad til forsking og utvikling. Dei 25 frammøtte fekk høyre Innovasjon Noreg, Forskingsrådet, Møre og Romsdal Fylkeskommune og Sykkylven Næringsutvikling presentere sine stønadsordningar.

Presentasjonar
Alfred Øverland – Innovasjon Noreg
Arthur Almestad – Norges Forskingsråd
Øyvind Herse – Møre og Romsdal fylkeskommune
Jarle Strømmegjerde – Sykkylven Næringsutvikling AS

Oppdatert februar 2017

Møbelkraft_Workshop_195A3385_FotoKristinStøylen

Kompetanseprogram Integrert Produktutvikling

Møbelkraft inviterer deg til å delta i vårt kompetanseprogram i integrert produktutvikling. Programmet er spesielt utvikla for bedrifter som ønsker å utvikle sine arbeidsmetodar og kompetanse innan innovativ produkt- og designutvikling. Vi er stolte av å kunne presentere eit bransjeuavhengig program med inspirerande foredragshaldarar frå leiande miljø innanfor sitt fagfelt. Programmet er utvikla i samarbeid med utviklingsmiljø i industrien, med mål om å styrke deltakarane si innovasjons- og konkurransekraft.

ORGANISERING

Programmet går over 4 samlingar der vi vekslar mellom førelesning og gruppearbeid. I gruppearbeidet vil du både kunne jobbe med din egen bedrift som case, og samarbeide med andre for kompetanseutveksling. Det kan derfor være en fordel med fleire deltakarar frå same bedrift på samling 1, 2 og 4. Då jobbar vi med tema som også er relevant for ansvarlege for marknad, strategi og forretningsutvikling. Påmeldinga er ikkje personlig, slik at kvar bedrift står fritt til å velje kven som skal delta på samlingane. Samlingane bli haldne i Sykkylven og i Ålesund. Programmet vert støtta av VRI Møre og Romsdal.

PRIS OG PÅMELDING

Deltakaravgifta er på 7000,- kr for fire samlingar. Vi tilbyr 15% rabatt ved 2 eller fleire påmeldte frå same bedrift. Avgifta inkluderer lærebok i design thinking, anna kursmateriell og lunsj. Påmeldinga er bindande. Påmelding må innehalde kontaktinformasjon på dei som er deltakarar eller kontaktperson i bedrifta der ein veljar ei open påmelding for fleire personer.

Påmeldingsfrist 21. november 2016 til sk@mobelkraft.no.
 

PROGRAM

1. desember – Sykkylven
Innovasjonsmetodikk – Design thinking 
Monica Hestad, Brand Valley

 

26. januar – Ålesund
Prosjektmetodikk og concurrent design 
Anders Ramstad, Stokke og Tor Atle Hjeltnes, NTNU

 

15. februar – Ålesund
Nye material og berekraft i eit materialperspektiv
Björn Florman, Materialbiblioteket

 

20. april – Ålesund  
Smarte produkt og masseprodusert skreddersaum
Inventas Smart Lab og Lars Skjelstad, SINTEF

 

Last ned heile programmet


Juni 2016

kompetanseprogram_bilde

Kompetanseprogram innan produktutvikling

Møbelkraft inviterar til kompetanseprogram innan produktutvikling. Dette for å etablere eit fagleg nettverk for felles kompetanseheving. Programmet vil gå over eit år, med mogleg forlenging dersom industrien ynskjer dette.

INNHALD

Programmet er brukardrive. Det betyr at deltakarane har høve til å komme med innspel og utvikle programmet. Dette gjer vi for å sikre at innhaldet er relevant og interessant. Møbelkraft vil organisere og tilrettelegge samlingane. Eksterne foredragshaldarar blir henta inn, og det vert høve til gruppearbeid og gjennomgang av utfordringar og spørsmål i plenum. Vi legg opp til 4 samlingar per år. Studiebesøk kan og vere ein del av programmet. Programmet vert støtta av VRI Møre og Romsdal.

OPPSTART

Programmet vil starte opp i Q3 2016. Det blei halde ei introduksjonssamling til programmet den 1. juni der temaet var Aluminium. Basert på innspel på denne samlinga vil vi om kort tid presentere innhald for heile programmet. Då kjem også meir informasjon om påmelding.

Introduksjonssamling med Norsk Hydro, SAPA og Sintef. Tema for samlinga var materialeigenskapar, tilverking og overflatebehandling av aluminium.

Presentasjonar

Design med aluminium, Harald Vestøl, Norsk Hydro,

Overfaltebehandling av aluminium, Otto Lunder, Sintef

SAPA Profiler, Henrik Futtrup, SAPA

Aluminiumslegeringer, produkt og egenskaper, Trond Furu, Norsk Hydro


mars 2016

Morgondagens produkt – Møbelkraftkonferansen

Den 9. mars vil vi invitere til ein dag med inspirasjon og fagleg påfyll innan design, produktutvikling og teknologi. Vi byr på eit variert program der mellom anna professor Kay Gastinger frå NTNU vil fortelje om dei spennande moglegheitene innan materialteknologi med fokus på nanoteknologi og vår eiga Runa Klock, som fekk hedersprisen for god design i 2015, vil snakke om korleis samarbeid mellom designar og industri kan gje suksess. I løpet av dagen vil også høyre om 3D-strikking, effektive designprosessar og formidling av nye idear og produkt.

 

Sjå heile programmet

Bli med!