Møbelkraft

Unge møbeldesignarar jobbar med ny satsing innan Stressless


Møbelkraft, Inspirasjons- og kompetansesenter for norsk møbelindustri AS, fekk av Ekornes oppdraget: organisere og drive ei vekes workshop med 4 møbeldesignstudentar frå KHiB.

Sjølve oppgåva var hemmeleg, men PU-direktør Arve Ekornes kan fortelje at produktet som studentane har jobba med, vil stå fram som noko nytt og annleis i marknaden. Planen er at produktet skal lanserast hausten 2016.

I samarbeid med Kunsthøgskolen i Bergen, blei 4 studentar frå  3. og 5. år ved møbeldesignlinja plukka ut til å vere med. Studentane starta workshopen med ei omvising på Ekornesbua, der dei fekk ei innføring i produktportefølgjen til Ekornes.
Studentane reiste så til Sykkylven for å jobbe i Møbelkraft sine nye lokale i Hjellegjerdebygget. Etter ein intens kartleggingsfase, gjekk ein over til konseptutvikling på skissenivå. Midtvegs fekk studentane møte designteamet til Ekornes for konseptevaluering. Dei to siste dagane av workshopen blei nytta til å detaljere dei beste konsepta.

Studentane jobba hardt innanfor den korte tidsfristen, og avslutta med ein omfangsrik sluttpresentasjon med både småskalamodellar og skisser. Studentane syntest dette var ein spennande og lærerikt opphald, og dei la ikkje skjul på at dei gjerne vil følgje produktet vidare om dei får anledning til det.