Møbelkraft

Morgondagens produkt


 

Øyvind Gjerde Kamsvåg viste verdien av å meistre både rasjonell produksjon samtidig som ein vågar å jobbe med dei store visjonære prosjekta.

Design og formidling

Møbelkraft inviterte til ein dag med fagleg påfyll innan design, produktutvikling og teknologi den 9. mars ved Sykkylven Kulturhus. Gjennom dagen fekk dei 90 deltakarane eit vaiert program der programmet blei åpna av Øyvind Gjerde Kamsvåg, sjefsdesigner ved Ulsteingruppen fortalte om deira lukka strategi om å vise nye radikale konseptbåtar i markedet samtidig som ein har fokus på å utvikle rasjonelle produkt. Frank Standal Dybhavn, kreativ leiar for I&M gav publikum ei innføring i korleis ein bør presentere og formidle sitt merkenavn, der han mellom anna viste kampanjefilmen «Ring på og stikk av» der menneske med funksjonsnedsettingar pøbla med lokalpolitikarar over heile landet. For denne kampanjen fekk I&M kommunikasjonsprisen gullblyanten, berre nokre dagar før konferansen. Då designar Runa Klock desverre måtte melde forfall i siste liten, presenterte dagleg leiar Synnøve Kjerstad delar av hennar bodskap som gjekk på korleis delar av det norske møbeldesignmiljøet samarbeidar i dag, og at det fins rom for enno meir samarbeid i industrien.

Ny teknologi

Kay Gastinger, direktør for nanoteknologi ved NTNU avd Trondheim og forskingssjef ved Sintef Susie Jahren tok turen til møbelbygda for å fortelje om dei spennande moglegheitene som ligg i nanoteknologi. Til dømes kan ein ved hjelp av nanoteknologi utvikle lettare og sterkare møblar enn det man har tilgang til gjennom konvensjonelle material. Nye materialfunksjonar og design av ”intelligente” møblar er også molegleg innan denne teknologien.

Ein annan produksjonsmetode som vert tatt i bruk på stadig fleire produktområde er 3D-strikking. I dag vert teknologien nytta i joggesko av merker som Nike og Adidas. Shima Seiki, verdas ledande produsent av stikkerobotar viste døme på korleis dette kan nyttast innan utvikling og design. Arne Tande frå RobTec vil gjennom sitt planlagte opplæringsenter hjelpe små og mellomstore bedrifter i den komande digitaliseringa.

Dagen blei runda av med ein paneldebatt leda av konferansier Leif Jarle Aure der ein mellom anna diskuterte kva område ein kan sjå for seg at nanoteknologi kan vere aktuelt for møbelindustrien.

strikk
Shima Seiki viste fram 3D-strikking
nano_web
Kay Gastinger frå NTNU viste oss dei spennande moglegheitene som ligg i nanoteknologi.