Møbelkraft

Nordens einaste test- og utviklingssenter for 3D-strikking i Sykkylven?


Etter at 3D-strikking blei presentert på konferansen Morgendagens produkt for eit år sidan, har det vore ein jamn straum med henvendingar til Amatec og Møbelkraft frå interessentar som vil vite meir om teknologien. Dette har leda til eit forstudie støtta av kommunalt næringsfond der Amatec og Møbelkraft har sett på interessa til å etablere eit senter for 3D-strikking. Teknologien er svært aktuell innan trikotasje, møbel og industriar som jobbar med kompositt. Noko av det unike med teknologien er at ein kan ta fram saumlause produkt med minimalt svinn. Dette er ein additiv produksjonsmetode som i stor grad kan automatiserast. Innan møbel er Ikea eit av dei merkenavna som har teke teknologien i bruk, og lanserte seinast i februar deira første 3D-strikka stol. Potensialet i teknologien er stort, men det ligg ei oppgåve i å bygge kompetanse for å utnytte den kommersielt. Det er denne oppgåva Møbelkraft vil ta, for så å kunne tilby den vidare til industrien.

Møbelkraft har no søkt om forprosjektmidlar frå Fylkeskommunen til å greie ut interessa for å etablere eit senter som kan jobbe med utvikling for både industri og forsking. Dersom industrien er med, så ser vi det som viktig at vi kjem raskt i gang med ei etablering, slik at Noreg kan ligge i forkant i bruk av denne teknologien.

Ta kontakt for meir informasjon.