Møbelkraft

Nye perspektiv på lokal produksjon


Cirrus Summer School, vert i år halde av paraplyorganisasjonen Møbelkraft. Dette er ein sommardesignskule med designstudentar frå heile Europa, der dei under ei veke har jobba med ulike måtar ein kan utvikle møbelindustrien i regionen vidare.

I innføringa av oppgåva har dei 15 studentane fått innblikk i den historia, kulturen og dei politiske rammevilkåra industrien må forhalde seg til. Studentane har og fått kunnskap om den lokale produksjonen her ved besøk hjå Sykkylven Stål, Brunstad og Ekornes.

Møbelkraft_Workshop_195A3385_FotoKristinStøylen

Studentane som har bakgrunn frå ulike designretningar som strategisk design, tekstildesign og møbeldesign har hatt base i den gamle sysalen i Hjellegjerdebygget i ei veke. I grupper på tre, har dei utvikla ulike konsept som svar på korleis styrke lokal produksjon i regionen.

Sluttpresentasjonen som var open for alle, gav både representantar frå industrien, politikken  og andre interessert som møtte opp eit grensesprengane muligheitsrom for industrien, med fokus på styrke og dyrke det ein er god på, men samtidig våge å satse på unge krefter som kan bidra til å utvikle regionen og industrien vidare. Fleire hadde fokusert på kva ein kan få til ved å skape ein hub for kreative fagretningar innan møbelindustrien i Sykkylven. I presentasjonane blei det trekt fram andre fagmiljø som har fått til liknande, og at det absolutt bør vere mogleg å få til tilsvarande her i regionen om industrien er beredd på å aktivt delta. Ei anna gruppe presenterte eit konsept for ein Pop-up store, der man skal selge norsk møbeldesign som ei totaloppleving ut i verda. Dette blei visualisert for publikum med eit besøk i ein testpilot der publikum fekk opplevinga av å reise i norsk natur i ein Brunstad-sofa.

Cirrus Summer School vert halde  kvar sommar i eit land i Norden eller Baltikum, og dagleg leiar Synnøve Kjerstad i Møbelkraft er svært glad for å få lov å være vertskap denne gongen. Det faglege blei leda av Toni Kauppila og Sigurd Strøm som begge er professorar ved Kunsthøgskolen i Oslo.