Møbelkraft

Stor interesse for 3D-printing


Helge Havnes forteller om hvordan han benytter 3D-printing ved Stokke.
Produktutviklar Helge Havnes fortel om korleis Stokke nyttar 3D-printing i si produktutvikling.

Heile 45 deltakarar tok turen til Sykkylven for å delta på kveldsseminar om 3D-printing for småskalaproduksjon i regi av Pla-Mek og Møbelkraft. Helge Havnes frå Stokke viste korleis 3D-printing har påvirka og endra måten dei jobbar med produktutvikling hos Stokke. Han fortalde også om eit pågåande forskningsprosjekt der dei saman med ei rekkje andre bedrifter ser på korleis dei kan printe støypeformer for småskalaproduksjon. Håkon Rabe frå Sintef Raufoss fortsatte med å vise kor langt forskninga har kome på området, samt korleis ein kan tenkje rundt hybride løysingar der ein kombinerar printing og konvensjonell produksjon. NTNU avd Ålesund viste korleis dei gjerne vil samarbeide med industrien innan utvikling i den nye utviklingslaben som dei er i ferd med å etablere. Kvelden blei runda av ved at Protech Norge viste fram ulike printarar og materialkvalitetar samt bruksområde for desse.

print
Materialprøvar frå Protech Norge.
God deltaking på seminaret
God deltaking på seminaret.