Møbelkraft

Inkubatoropphald

Design-Create-Live er staden for deg som ynskjer å jobbe fokusert med å utvikle gode, industrialiserbare produkt. Gjennom den kompetansen på møbelproduksjon som finst i Sykkylven, kan du utforske og lære av dei beste – og i nokre område- dei einaste i Norge. Gjennom nettverket vårt hjelper Møbelkraft designaren i å knyte kontaktar med dei leverandørane og produsentane innan møbel som ligg i regionen. Saman med gode verkstadfasilitetar kan vi tilby eit unikt utgangspunkt for deg som ynskjer å anten heve eigen kompetanse innan for møbeldesign og produksjon, eller gjennom prosjekt med industrien jobbe i inkubatoren for ein kortare eller lengre periode.

Design-Create-Live er ikkje lengre ei aktiv teneste som vi tilbyr, men vi kan fortsatt rigge opphald på forespørsel.

Ta kontakt for meir informasjon.